Sula kommune

Nytt telefonsystem på kommunelegekontoret

Kommunelegekontoret har fått nytt telefonsystem som skal gjere det lettare å komme gjennom på telefonen.

Svart bordtelefon, røret til venstre, tastatur til høgre - Klikk for stort bileteSiste tida har det vore veldig stor pågang på telefonen til kommunelegekontoret, og det har til tider vore vanskeleg å komme gjennom. Vi håper og trur at det nye systemet skal løyse dette, men ber om forståing for at det kan vere litt problemer i innkøyringsfasen.

I det nye telefonsystemet får du to val, 1 for Korona og 2 for kontakt med legekontoret. Du vil også få moglegheit til å be dei om å ringe deg tilbake utan at du misser plassen din i køa.  Om det er meir en 20 personar framfor deg i køa vil du få beskjed om at ingen operatørar er ledige, du vil då blir bedt om å prøve på nytt seinare.

Bestill koronatest på nett

Om du skal bestille time til koronatest kan du gjere det elektronisk her. 

Helsenorge.no

På Helsenorge.no kan du bestille legetime, eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye respetar, bytte fastlege og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret.

Du må logge inn med digital ID, til dømes BankID. Hjelp til å logge på.