Sula kommune

Offentleg ettersyn av forslag til detaljreguleringsplan  - Skuleveg frå Rørstadmarka til Dalvegen i Sula kommune

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §12-3 har Sula kommune utarbeida forslag til detaljreguleringsplan for ny skuleveg frå Rørstadmarka til Dalvegen. Norconsult AS har bistått som plankonsulent.

Sula kommune varslar med dette og i medhald av PBL §12-10 at planen er lagt ut til offentleg ettersyn. Plankart, føresegner og planomtale med beskriving av tiltaket og konsekvensar for miljø og samfunn er no å finne på kommunen si heimeside under «høyring og kunngjering». Det ligg og eit fysisk eksemplar tilgjengeleg på rådhuset.  
Merknader eller innspel til planen skal sendast skriftleg til Sula kommune, postboks 280,          6039 Langevåg eller post@sula.kommune.no. 

Høyringsfristen er sett til 10.08.19.  

Når høyringsfristen er gått ut vil administrasjonen hos Sula kommune lage ei oppsummering av innkomne merknader, og foreta eventuelle justeringar av planforslaget før planforslaget blir oversendt til politisk behandling.  
Kommunens vedtak av reguleringsplanen kan påklagas til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i medhald av PBL  § 12‐12. Avgjersleretten i klagesaker er delegert til Fylkesmannen. 

Skildring av tiltaket:

Føremålet med prosjektet er å legg til rette for trygg skuleveg med ein ny gang- og sykkelveg frå planlagt ny skule på Rørstadmarka til Dalvegen på Fiskarstrand. Gang- og sykkelvegen er planlagt med breidd 3 meter + 0,25 meter skulder på kvar side, i alt 3,5 meter.  

Første del av gang- og sykkelvegen som startar på vestsida av planlagt ny skule på Rørstadmarka blir ein del av reguleringsplanen for skuleområdet som kommunen holder på med.  

Denne reguleringsplanen startar ved Lømyra fotballbane, der den fyrst går på sørsida av den store grasbanen og 7`ar-banen, for deretter å svinge nordover mellom ballbingen og 7`ar-fotballbanen, og videre mot Storevatnet, der den følger eksisterande gangveg fram til Tranvågvegen.  

Tranvågvegen er planlagt utbetra med ny vegføring og ei breidd på 4 meter med 0,25 meter skulder på kvar side. Langs Tranvågvegen er det planlagt fortau på nedsida av vegen (mot vatnet) med breidd på 3 meter. 
I svingen ved Tranvågvegen 63 (gnr/bnr 77/30) fortsett gang- og sykkelvegen mot nordvest langs vatnet, ca. 20-25 meter frå vasskanten. I tomtegrensa mellom 75/2 og 76/3 sving gang- og sykkelvegen nordover og knyt seg til Dalvegen rett nord for Dalvegen 29 (gnr/bnr 79/11).  

Open kontordag:

Kommunen held open kontordag måndag 17.juni kl. 15:00 til 18:00 kor ein kan kome og stille spørsmål til prosjektet og diskutere aktuelle problemstillingar. Representantar frå kommunen og frå Norconsult vil då være til stades og svare på spørsmål. Ta kontakt med Per Ola Ravnå i Sula kommune på e-post: per.ola.ravna@sula.kommune.no for å avtale eksakt tidspunkt.  

Vedlegg:

Kontaktpersonar:

  • Kontaktperson i Sula kommune er Per Ola Ravnå tlf: 70199172, e‐post: per.ola.ravna@sula.kommune.no 
  • Kontaktperson hos Norconsult AS er Robin Sætre tlf: 90789448, e-post:  robin.saetre@norconsult.com 


  

Fann du det du leita etter?