Sula kommune

Om ferietida blir vanskeleg

Det er sommar og skuleferie, noko dei aller fleste ser fram i mot og gledar seg til, men ikkje alle.

Om du er ein av dei som har det vanskeleg i ferien, minner vi om at du kan ringe Alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Dei har opent heile døgnet, og du kan også kontakte dei på chat, e-post og SMS. Vaksne som er bekymra for eit barn kan også ta kontakt.

Du kan også kontakte Interkommunal barnevernvakt på telefon 915 76 020, telefonen er bemanna heile døgnet, heile året.

Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar