Her kan du lese heile saksframlegget, samt vedtaket som vart gjort.
Planen sitt identitetsnummer er 2021000252.
Kva har skjedd i saka tidlegare?
Kommunestyret i Sula kommune vedtok i sak K-036/21 ein avtale om samarbeid mellom Sula kommune og Flakk Gruppen AS (FG) om områderegulering av delar av Sulafjellet.
FG laga eit planforslag som har vore lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn. Det kom innspel og motsegner både frå offentlege og private aktørar. FG har så laga ein ny, revidert utgåve av planen, det er denne som no blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Korleis kan du gi ditt innspel til planen?
Når ein plan blir lagt ut til offentleg ettersyn, betyr det at alle har moglegheit til å seie si meining ved å komme med innspel til forslaget som er lagt ut.
Høyringsfristen for denne planen er 03. november, du må derfor komme med eventuelle innspel innan den fristen.
Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune på ein av følgande måtar:
Merk innspel 21/252 - Områderegulering Sulafjellet og gondolbane
Kva skjer etter at høyringsfristen har gått ut?
Når høyringsfristen er ute, vil administrasjonen i kommunen gå igjennom alle innspel, og sjå om dei er belyst i planforslaget.
Administrasjonen skriv så eit forslag til innstilling i saka. Den blir så sendt til politisk behandling, det er dei politiske organa som bestemmer kva som skal skje med planen vidare.
Illustrasjon av planprosess for ei områderegulering.
Papirutgåver av plandokumenta
I tillegg til at vi legg ut informasjon på heimesida, og annonserar i Sulaposten, vil det bli trykt opp ein del eksemplar av planen i papirformat. Dei vil ligge til gjennomlesing i servicetorget på rådhuset og på biblioteket. I tillegg vil dei som er direkte berørte av planen. kunne hente eit eksemplar per husstand i servicetorget.
Saksdokument
Dokumenta i saka er fordelt på to arkivsaker, her finn du inn- og utgåande dokument til/frå Sula kommune.
Vi har også laga ei eiga side som omhandlar planen, den finn du her.