Sula kommune

Oppdatert informasjon om den nye henteordninga for søppel

ÅRIM sendte nyleg ut informasjon om at dunk ikkje blir henta ved husvegg etter 1. april. I lag med denne informasjonen låg også eit kart som viser kvar renovasjonsbilen skal køyre framover. ÅRIM kjem til å køyre dei grøne vegane på kartet, men dei raude vegane vil vi slutte å køyre på grunn av trafikktryggleik. Ta kontakt med ÅRIM om du har spørsmål om vegar og fargekodar. 

Sula kommune og ÅRIM har blitt einige om å utsette innføring  av den nye ordninga på dei raude vegane til 1. november. NB! Abbonentar som bur ved raud veg må likevel trille dunken fram til vegen frå 1. april, dunken skal stå maksimum 5 meter frå raud veg.

Dette vil gi folk meir tid til å finne nye ordningar, dette vil i hovudsak vere å gå saman om samarbeidsløysingar med naboar.  Sjølv om tidspunktet er utsett er det viktig å gjere det ein kan for å få på plass samlepunkta snarast råd.

Litt meir om tidspunkt for innføring

  • Om du bur på ein raud veg er det viktig at du frå 1. april startar å trille avfallsdunkane fram til vegen, det vil seie maks 5 meter frå den raude vegen. Dunken blir ikkje henta ved husvegg. Frå og med 1. november må dunkane trillast fram til avtalt samlepunkt, eller maksimum 5 meter frå grøn veg.
  • Om du bur langs ein grøn veg skal dunken plasserast 5 meter frå grøn veg frå 1. april. Også her skal avfallsdunkane setjast maks 5 meter frå den grøne vegen. 

Det går an å bestille henteavstand

Den som har behov for å få dunk henta ved husvegg, kan kjøpe denne tenesta. NB! Ordninga gjeld ikkje for dunkar over 240 liter.

  • 5-25 m: kr 875,-
  • 25-40 m: kr 1 250,-
  • 40-60 m: kr 1 750,-
  • 60-100 m: kr 2 500,-

Ta kontakt med ÅRIM for å bestille. Enkelte kan søke om å få dekt kostnader til henteavstand av Sula kommune. Søknaden om dette blir behandla av kommunen. Her er søknadsskjema.  Ta kontakt med Sula kommune dersom dette er aktuelt for deg.

Vil du samarbeide om felles renovasjonsutstyr?

Ei god løysing for mange er å gå saman om felles renovasjonsutstyr. Her er ei brosjyre som gir deg meir informasjon om samarbeidsløysingar

Ta kontakt på post@arim.no eller telefon 70314100, dersom de ønsker ei befaring og rådgiving om plassering eller vurdering av kva slags renovajonsutstyr som vil vere eigna hos dykk.

Fann du det du leita etter?