Sula kommune

Oppfriskingsdose til gravide og personar med underliggande sjukdom

Måndag denne veka vart det bestemt at personar i alderen 18 - 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdom, ungdom i alderen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom, og gravide i 2. og 3. trimester skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande sjukdom

Følgande sjukdomar/helsetilstandar blir vurdert å ha auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp om dei får korona:

  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdomar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift).
  • alvorlege nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresykdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetessenkomplikasjonar.

Ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorlig grunnsykdom

Anbefalinga gjeld ungdom 12-17 år med dei alvorlege grunnsjukdomane nevnt under. Legg merke til at denne lista med grunnsjukdomar er forskjellig frå lista for vaksne over.

  • organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever etc.).
  • immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylieg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • nevrologiske sykdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsett lungefunksjon
  • kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsett nyrefunksjon
  • alvorleg hjartesjukdom (barn med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, eittkammersjukdom/«Fontan-barn»)
  • alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnlegging siste året)
  • anna svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle blir vurdert individuelt av barnelege.

Gravide

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom samanlikna med kvinner på same alder som ikkje er gravide. Risikoen for alvorleg sjukdom aukar utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. Om den gravide samtidig har andre risikofaktorer, som for eksempel flerilingsvangerskap eller underliggande sjukdom, aukar risikoen ytterlegare.

Folkehelseinstituttet anbefalar at gravide i 2. og 3. trimester får tilbod om oppfriskningsdose, fordi det er då dei har høgast risiko for alvorleg sjukdom. Dette er uavhengig av om dei kun er grunnvaksinerte frå før, eller allereie
har fått ei oppfriskingsdose.

Bestille time

Om du er i ei av målgruppene kan du kontakte servicetorget på telefon 70 19 91 00 for å bestille time.

Kontakt

Servicetorget på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30

Adresse: Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss