Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Oppheving av vedtak om avgrensing i innreise

20. mars vedtok kriseleiinga i Sula kommune at alle tilreisande frå fylka sør for Møre og Romsdal skulle i heimekarantene i 14 dagar. Frå og med laurdag 28. mars er dette vedtaket oppheva.

Det er viktig at alle likevel held seg til dei nasjonale tiltaka knytt til heimekarantene og heimeisolering.
Les meir om heimekarantene og heimeisolering på folkehelseinstituttet sine nettsider her.