Sula kommune

Pårørandekurset TA TAK blir arrangert på Sula

TA TAK er ein kursserie for deg som har nære relasjonar til nokon som slit med psykiske vanskar og /eller rusmiddelavhengigheit.

16.10.18 startar pårørendekurset TA TAK. Kursserien er tidlegare arrangert i Ulstein, Ålesund, Molde, Kristiansund og Vestnes  med gode tilbakemeldingar.

TA TAK er ein kursserie for deg som har nære relasjonar til nokon som slit med psykiske vanskar og /eller rusmiddelavhengigheit.

Mange bruker mykje tid og merksemd på den som har desse vanskane, og ofte vert belastninga for pårørande og andre som står nær stor.

 -I tillegg til psykiske symptom, får mange pårørande fysiske symptom som til dømes hovudpine, mageproblem og brystsmerte. Mange fortel også om krenkingar, truslar, vald og det og stadig verte skuffa.

- Vi ønskjer at deltakarane skal få treffe andre i same situasjon, og oppleve fellesskap og støtte. Gjennom informasjon og diskusjon kan dei lettare sjå si eiga rolle og få hjelp til å ta vare på seg sjølv, meiner Mette Grytten og Rita Rødseth ved Kompetansesenter rus – Midt-Norge som har vore med på å utarbeide kurset.

Tilbodet er gratis og går over seks kveldar med første kursdag tysdag 16.10.18. Kurset vert arrangert på Nausthaugen, ved Sunde/Eidsnes.

Innleiarane på kurset er fagpersonar frå 2. linjetenesta, kommunane, pårørande og pårørandeorganisasjonar.

Kompetansesenter rus - Midt-Norge har utvikla kursserien saman med samarbeidspartnarar frå kommunar, spesialisthelseteneste og pårørandeorganisasjonar

Påmelding til Silje Standal mob.90687249 e-post:  silje.j.standal@sula.kommune.no innan 01.10.2018

Eller Suffia Joensen mob 97420882 e-post: suffia.joensen@sula.kommune.no innan 01.10.2018

Påmeldingsfrist 01.10.2018

Fann du det du leita etter?