Sula kommune

Personar med alvorleg nedsett immunforsvar kan få ei tredje dose

Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med ny informasjon om ei tredje vaksinedose for personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Desse er delt inn i to grupper. Alle som er i ei av desse gruppene, og  som ikkje vil vente med å få dose tre til dei får brev frå sjukehuset, kan ringe Kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60, tasteval 1.

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplanterte siste 2 år eller pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla HIV-sjukdom

Gruppe 2

Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak, Sjå medikamentlista her.

Kreftpasientar

Kreftpasientar med aktiv, eller nyleg gjennomgått imundempande behandling, må vente på brev frå Spesialisthelsetenesta. Det skal gjerast ei individuell vurdering for å sikre best mogeleg effekt av vaksinen.

Du kan lese heile skrivet frå Folkhelseinstituttet (FHI) her. (PDF, 194 kB)

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00