Sula kommune

ProAct opplæring i Sula kommune

Sula kommune er godt i gang med opplæring i ProAct. Dette skal auke observasjonskompetansen hos personell i den kommunale helse-og omsorgstenesta. ProAct=proaktiv dvs Å vere i førekant.

Dette er i tråd med pasientsikkerhetsprogrammet «Tidlig oppdagelse av Klikk for stort bileteforverret tilstand.»

I fleire veker har tilsette i omsorgstenesta i Sula vore samla til kurs. Målet er å gje høgare kunnskap i  pasientobservasjon som kan bidra til  å oppdage tidleg teikn til sjukdom og forverring av tilstand.

Kurset vil gje dei tilsette i helse og omsorgstenesta eit verktøy i systematisk observasjon, gode skåringsverktøy og god munnleg kommunikasjon. Dette er same verktøya som vert brukt ved sjukehus og legevakt. Det er viktig at alle snakkar same språk og dermed ei felles forståing av pasientens symptom.

Pasientar vert oftare tidleg utskriven frå sjukehus. Dette fører til  auka behov for  kompetanse av helsepersonell og opplæring av utstyr som trengst til å følgje opp pasientane.

Sula kommune har utdanna 7 instruktørar som igjen har ansvar for å lære opp eige personell via simulering i ulike pasientscenarier. Kvar deltaker må igjennom  teoretisk og praktisk undervisning i observasjon, handlingsberedskap og kommunikasjon. Fram til og med 20/11 har 60  gjennomført kurset. Målsettinga er at alle sjukepleiarane og hjelpepleiarane skal ha gjennomført kurset innan utgangen av februar 2020.

Heimetenesta i Sula har gått til innkjøp av sekkar med ustyr til alle bilane i tenesta slik at dei tilsette kan gjennomføre naudsynte undersøkingar og målingar av pasientane i heimen. Dei fyller ut eit scoringsskjema som gjer vurderingane meir objektive og systematiske. Skjemaet inneheld spørsmål rundt mellom anna respirasjon, sirkulasjon, temperatur  og bevissthet hjå pasienten. Skjemaet gir deretter råd om kor ofte ein skal sjå til pasienten og foreta nye målingar. Dette vert så  nytta i kommunikasjon mellom helsepersonell, fastlege og legevakt. Det er ulike helsepersonell som er på tilsyn hos pasienten. Med dette skåringsskjemaet vil observasjonane av pasientane meir lik uavhengig av kven som utfører tilsynet. Dette er viktig for å oppdage tidleg endringar av tilstanden til pasienten.