Sula kommune

Reguleringsendring for Del av Mauseidvågen Gnr. 73 bnr. 178 - S3 – offentleg høyring

P- sak 102/22
Med heimel i plan- og bygningslova (2008) §§ 12-11 og 12-14 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å legge forslag til reguleringsendring for Del av Mauseidvågen Gnr. 73 bnr. 178 - S3 – ut til offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Planendringa er ein klargjering av gjeldande regulering og ei oppdatering av kartgrunnlaget. Formål og intensjon i gjeldande reguleringsplan vert gjort rede for og vidareføres. Det er gitt føresegner til byggehøgder, grad av utnytting og parkeringskrav.

Plandokument

Plankart, føresegner og planbeskrivelse er dater: 01.11.2022

Høyringsperiode

Plankart og saksdokument blir lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 24.11.2022 til 15.01.2023 på internettsidene til Sula kommune.

Berørte myndigheiter og nabo vert varsla med brev.

Merknadar

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 15.01.2023.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 957 12 270