Reguleringsendring Risevegen Kiwi Fiskerstrand, del av område ved Fiskerstrand verft - vedtatt
I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14 har Sula kommunestyre i møte den 11.12.2025 fatta vedtak om reguleringsendring for gnr. 83 bnr. 11 m.fl. Planid: 2024001084.
Det politiske vedtaket kan du lese her.
Plankart, planomtale og planføresegner er datert 22.10.2025.
Reguleringsendringa omfatter eit område ved Kiwi Fiskarstrand. Forretninga har behov for utviding av parkeringsarealet ved dagens butikk, samt å legge til rette for ei framtidig utviding av butikkarealet. Dette inneber flytting av ein regulert veg 1 mot nordaust.
Plandokument
Klage
Vedtaket kan påklagast i samsvar med plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.
Skriftlig klage skal sendast til Sula kommune, postboks 280, 6030 Langevåg, eller via e-post til postmottak@sula.kommune.no, innan tre veker frå kunngjeringa.
Klagefrist er 29.01.2026.
Krav om erstatning
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing, jf. PBL §§ 15-2 og 15-3, må settast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa.
Publisert 08.01.2026 13.56
Sist endra 08.01.2026 14.47