Sula kommune

Reguleringsplan for Bratthaugmyra – Solstad gbnr.89/104 med fleire - 1.gongs offentleg høyring

P-Sak: 103/22:                                                
Med heimel i plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-14 vedtek «Det faste utvalet for plansaker» å legge reguleringsplan for Bratthaugmyra – Solstad gbnr. 89/104 mfl. ut til 1.gongs offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.                                            

Målet med planarbeidet er å legge til rette for utbygging av bustader for personar med spesielle behov, med tilhøyrande boder, fellesareal og personalfasiliteter.

Plandokument

Plankart, føresegner og planbeskrivelse er datert: 03.11.2022

Høyringsperiode

Plankart og saksdokument blir lagt ut til 1. gongs offentleg ettersyn i tidsrommet 24.11.2022 til 15.01.2023 på internettsidene til Sula kommune.

Berørte myndigheiter og nabo vert varsla med brev.

Merknadar

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 15.01.2023.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 957 12 270