Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Reguleringsplan for Gang- og sykkelveg til Rørstadmarka skule – Trinn 2. - Eigengodkjend

K-050/20 – dato 25.06.2020 –  Med heimel i plan- og bygningslova (2008) § 12-12  vedtok Sula kommunestyre «Reguleringsplan for Gang- og sykkelveg til Rørstadmarka skule – Trinn 2.

Plankart er sist revidert 14.08.2019.20, førsegner  og planbekrivelse er revidert 15.08.2019. Desse er oppdatert i tråd med endeleg vedtak. Tittelfelt vert utfylt etter vedtak i kommunestyret. Intensjonen med planforslaget er å legge til rette for ein ein gang- og sykkelveg til den nye skulen på Rørstadmarka via Fiskerstranda.

Saksdokumenta er tilgjengeleg på kommunen si heimeside og på servicekontoret på rådhuset.

Eventuell klage skal sendast skriftleg innan 3 veker frå kunngjering – 25.06. til 16.07.2020, til post@sula.kommune.no ev. Sula kommune, postboks 280, 6090Langevåg.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing, jf. pbl §§ 15-2 og 15-3, må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17