Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Reguleringsplan for Gjeithammaren, gnr 87 bnr 8 m.fl - Eigengodkjent

K-047/20 – Med heimel i plan- og bygningslova (2008) § 12-12  vedtok Sula kommunestyre «Reguleringsplan for Gjeithammaren, gnr 87 bnr 8 m.fl.».

Plankart, førsegner og planbekrivelse er revidert 14.05.2020. Desse skal oppdaterast i tråd med endeleg vedtak. Tittelfelt er utfylt etter vedtak i kommunestyret. Intensjonen med planforslaget er å legge til rette for  bustadar med nødvendig infrastruktur.

Saksdokumenta er tilgjengeleg på kommunen si heimeside og på servicetorget på rådhuset.

Eventuell klage skal sendast skriftleg innan 3 veker frå kunngjering – 25.06. til 16.07.2020, til post@sula.kommune.no ev. Sula kommune, postboks 280, 6090Langevåg.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing, jf. pbl §§ 15-2 og 15-3, må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa.

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17