Rettleiar for det rusførebyggande arbeidet i Sula-skulen!

Sula kommune har fått rettleiar for det rusførebyggande arbeidet i skulane. I teksten under finn du lenke til rettleiaren.  Du kan også lese meir om dette arbeidet, som er forankra i BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats), og som kommunen brukar når vi er uroa for eit barn eller ein ungdom.

Sula kommune er BTI-kommune.  Alle tilsette skal kjenne til og følge BTI-rettleiaren for å sikre at gravide, barn, unge og familiar får den hjelpa dei treng. No har Sula kommune fått utarbeida ein rettleiar som gir Sula-skulen eit konkret verktøy i det rusførebyggande arbeidet. Rettleiaren er knytt til Nivå0 og Steg1 i BTI-rettleiaren, som er det første steget eit tar for å starte arbeidet med å definere uro for ein elev.


Det mest sentrale i rettleiaren er korleis skulen skal jobbe førebyggande, i samarbeid med både føresette og hjelpetenester. Den har også rutine for handtering av ulike situasjonar der ein er bekymra/uroa for rusmiddelbruken til enkeltelevar (frå s.14). 

 

Rusmiddelproblematikk har ofte bakenforliggande årsaker. Samarbeid med ungdommen er derfor viktig, saman med at dei opplever oppfølginga og hjelpa som relevant. Ungdom skal møte vaksne som ser, lyttar, viser omsorg, har forventningar og følger opp. Føresette er den viktigaste førebyggjar i eit barns liv. Derfor er kontakt og samarbeid mellom heim og skule viktig. Skulen skal ikkje stå åleine. Det skal være eit samarbeid med andre instansar både i det førebyggande arbeidet (mot rusmiddelbruk) og i konkrete saker der ein er uroa for enkeltelevar. 

 

Skal vi lukkast med dette viktige arbeidet er det nødvendig at både tilsette i skulane, føresette og andre som jobbar med barn og ungdom gjer seg kjent med rettleiaren.

 

Som tilsett i skulen kan det være vanskeleg å vite kva ein skal gjere dersom ein mistenker at elevar rusar seg eller dersom det går rykte om sal av rusmidlar på skulen. Sula ungdomsskule, helsesjukepleiarar, tilsette frå barnevern, samt fleire nøkkelpersonar i dette arbeidet skal iløpet av hausten på Kjentmann-opplæring.  Målet er å spreie kunnskap og gjere skules tilsette meir bevisste på temaet. Kjentmann er opplæring i rusførebyggande arbeid og tidlege tiltak for tilsette i ungdomsskulen. Det er KoRus som har opplæringa.