Sula kommune

Riving av Breidablikk

Møre Miljøsanering as er no i gang med riving av Breidablikk skule i Langevåg. Alle naboar har blitt varsla via SMS.

Arbeidet vil medføre svevestøv i lufta.  Om det blir for mykje svevestøv vil dei bruke vasspreiarar for å kontrollere mengda, behovet for dette blir heile tida vurdert.

Arbeidet er berekna å ta om lag to veker.

Bakgrunnen for rivinga er kommunestyret sitt vedtak K-031/19, der det mellom anna står

Sula kommunestyre vurderer Breidablikktomta til å vere eigna til omsorgsformål. Sula kommunestyre vedtek følgjande:

  1. Tomta skal ikkje selgast
  2. Skulebygget vert reve.
  3. Det vert starta eit skisseprosjekt på Breidablikktomta med tanke på snarlig realisering, samt kostnadsestimat og behovsvurdering.

Meir om bakgrunn for rivinga finn du i K-031/19

Om lag halve skulen er allereie riven. Sula kommune   

Arbeidet er godt i gang. Sula kommune