Sula kommune

Så godt som ferdig med massevaksinering

Sula kommune er no så godt som ferdig med massevaksinasjonen mot koronaviruset. 

Alle som er busett i Sula kommune, og som er født i 2005 eller tidlegare, har no fått tilbod om første dose. 91,4 % av innbyggarane over 18 år har fått første dose, 87,2 % er fullvaksinert. Når det kjem til fullvaksinerte over 18 år, ligg Sula kommune 20. plass av alle landets 356 kommunar.

Vaksinasjonarbeidet i Sula kommune har vore godt organisert, og dei tilsette har gjort ein særs god jobb med gjennomføringa. Spesielt har Helseavdelinga, Heimetenestene og Helsestasjonen gjort ein stor innsats, samstundes som dei har oppretthalde den daglege drifta. Og så må eg få trekke fram innsatsen frå nokre entusiastiske frivillige som har meldt seg for å bidra i vaksinasjonsarbeidet, seier kommunalsjef for helse Kjetil Fylling

29. september siste dag med massevaksinering

I veke 37 er det ingen massevaksinering i Sula kommune. Siste dagane med massevaksinering blir 22. og 29. september.

Om du ikkje har fått dose ein enno, kan du går inn på c19.no og bestille time der, eller du kan ringe kommunelegekontoret på 70 19 91 60 (innval 1) for å bestille time.

Etter 29. september vil det fortsatt vere mogleg å få koronavaksinen, men då må du ta kontakt med kommunelegekontoret.