Sula kommune

Samtalegrupper for pårørande til personar med sjukdomen demens

Vi prøver å starte opp igjen samtalegruppe for pårørande til personar med sjukdomen demens.

Målet er at pårørande får dele erfaringar med kvarandre og får meir informasjon om sjukdomen. Erfaring viser at god informasjon om korleis ein skal takle kvardagen gjer at ein kan klare omsorga betre.

Det blir samling om lag ein gong i månaden på Erindringssenteret, Molværsvegen 17, Langevåg

Kan dette vere noko for deg? Ta kontakt med demensteamet på tlf : 94 80 87 06 eller e-post: demensteamet@sula.kommune.no.