Sei di meining

I arbeid med ny samfunnsplan vil Sula kommune gjerne ha innspel frå innbyggarane i kommunen.  Sei di meining i digital innbyggarundersøking

Kvifor vil vi høyre frå deg?

For å kunne lage ein god samfunnsplan med forankring også hos innbyggarane, er medverknad viktig. Kommunen ønsker difor å få innspel frå innbyggarane på kva som er det beste med å bu i Sula kommune, og kva som er viktig for å leve og bu i kommunen i åra framover.

Dette vil vi gjerne høyre di meining om, og i perioden 26. september til 24. oktober 2024 kan du gi innspel om dette i ei digital innbyggarundersøking.

Kva er kommunen sin samfunnsplan?

Alle kommunar skal ha ein samfunnsplan, og kommunestyret har bestemt at det skal bli utarbeida ein ny samfunnsplan i denne kommunestyreperioden. Samfunnsplanen skal vise satsingsomåde, mål og strategiar for ønska utvikling av Sula-samfunnet, og vere det overordna styringsdokumentet for alt vi gjer.

Her kan du lese meir om korleis vi arbeider med ny samfunnsplan

Korleis delta i undersøkinga?

QR-kode som kan scannast for å kome til undersøkinga - Klikk for stort bilete

Du kan svare på undersøkinga både på pc, nettbrett og mobil. Innspela dine er anonyme, men vi ønsker å vite alderen din for å få svar på kva som er viktig for dei ulike aldersgruppene.

Du kan gå til undersøkinga ved å skanne QR-koda til venstre, eller ved å følge denne lenka:


Svar på Sula kommune sin innbyggarundersøking

Kontakt

Sunniva Marøy Eriksen
Rådgivar
E-post
Mobil 95 25 68 48