Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Skattelistene for eigedomsskatt i Sula kommune er klare

Skattelistene finn du her. (PDF, 922 kB)  I tillegg er det skrive ut ei papirutgåver som ligg i servicetorget på rådhuset og på biblioteket i Langevåg.
 

Dersom du meiner at eigedomsskattetaksten er feil, kan du klage.

Det er to ulike framgangsmåtar, avhengig av om eigedomen din har bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten, eller kommunal takst.

Formuesgrunnlag frå Skatteetaten

Dersom eigedomen din har bustadverdi frå Skatteetaten og du meiner den er feil, kan du sjølv endre dette. Dette gjer du ved å sende ei endringsmelding til Skatteetaten.

Kommunal takst

Dersom eigedomen din har  kommunal takst kan klage på taksten ved å fylle ut klageskjema for  kommunal takst. Klagen må innehalde gards-/bruks-/feste-/seksjonsnummer og informasjon om det du klagar på.

Klagefrist

Klagefristen er 31. august 2020.

Betaling av faktura

Faktura må betalast sjølv om du har klagd på taksten. Viss du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det som er betalt for mykje.

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30