Sula kommune

Skuleskyss - klage på overfylte bussar

Det har kome tilbakemeldingar om at bussane som køyrer elevar til og frå Sula ungdomsskule er overfylte, enkelte elevar har difor stått under transporten.

Sula kommune har tatt opp problemet med Møre og Romsdal fylkeskommune og VY. Vi har fått følgande tilbakemelding om at det frå i ettermiddag blir endring i oppsettet av bussar

Morgon

Det er gitt beskjed om at det ikkje skal lastast ståplassar, sjåførane skal ha dialog på samband slik at alle bussane blir fylt opp utan bruk av ståplassar.

Ettermiddag

Det er gjort følgande fordelinga av bussane:

  • Bussen til Kvasnes – Tar med alle elevar på strekninga Sula ungdomsskule - Fiskarstrand skule og Thomasbakken – Solavåg skule
  • Bussen til Sulesund – Tar med alle elever på strekninga Valebukta – Sulesund
  • Bussen til Solavåg/Sunde – Første avstigning er Solavågseidet (Johan R)

Dette oppsettet blir sett i drift tysdag ettermiddag. Det nye oppsettet blir prøvd eit par dagar, om det då framleis er ståplassar må ordninga evaluerast på dette på nytt.

Fann du det du leita etter?