Sula kommune

Startskotet for Stikk UT! går lørdag 1. mai!

Sjå Stikk UT! for meir informasjon.

Fiskarstrandhyttene: På grunn av anleggsarbeid i området er stien skilta om. Følg ordinær skilting mot Gjølevatnet, i tillegg er det sett opp Stikk UT-pilar i alle sti-kryss.

Eltrane - på fjellet: opning for registrering av koden var først utsett til 1. juni på grunn av snøforholda. Snøen smelter raskt no, og vi endrar opninga til 8. mai. Ver budd på at det tidvis kan vere ein del snø frå Vonhytta og utover.

Du skal ikkje bruke Morotur-appen. Nytt av året er Stikk UT!-appen. Meir informasjon om den finn du på nettsida til Sunnmøre friluftsråd.

Bli med på Stikk UT! Bedrift og skap samhold og aktivitet og gode turvaner!