Sula kommune

Statleg tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om statlege midlar.
Målet for ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Søknadsfrist 13. desember. 
Søknadsskjema, regelverk og rettleiar finn de hos BUFDIR (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)

Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arena, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje bli stilt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta.
Tilbodet skal så langt det er mogleg, ha låge eller ingen kostnadar.