Sula kommune

Status for koronasmitten ved Fiskerstrand verft AS 28.11.20

Sula kommune fikk i ettermiddag melding om at 12 nye personar har testa positivt. Alle desse er mannskap ved russiske båtar som ligg ved Fiskerstrand Verft AS og vart testa av kommunen i går. 

Det er no oppdaga smitte  i ein tredje båt. Alle dei smitta er isolert og resten av mannskapet er i karantene, i alt 196 personar.

Kriseleiinga i kommunen hadde kl 16:00 møte med representantar frå Fiskerstrand Verft AS og Tyrholm Farstad som er agent for båtane. Dei smitta blir i kveld flytta til Hotel Noreg i Ålesund. Hotellet er godt budd for oppgåva og reserverer eiga fløy i hotellet til føremålet. Dei isolerte får kost og losji, dei får også  medisinsk oppfølging ved behov.

Ved å ta dei smitta ut av skipa, oppnår ein meir effektiv karantene for dei som blir att om bord. Ved å skilje dei smitta og teste  dei karantenesette hyppig, vil ein raskare få kontroll over situasjonen.

Fiskerstrand Verft AS opplyser at mannskapet ikkje har vore utanfor verftsområdet, og at det er vakthald heile døgnet både på kaia og i porten på verftet, slik at befolkninga kan føle seg trygg.

Sula kommune samarbeider med FHI, Ålesund kommune og Helse Møre og Romsdal HF om å slå ned utbrotet.