Sula kommune

Stikk UT! med større satsing på vinter!

15. desember går startskotet for Stikk UT! Vinter 2023, som med 349 turmål er større enn nokon gong. Når vinteren og kulda kjem krypande senker mange tempoet og friluftsråda håpar Stikk UT! no kan motivere fleire til å kome seg ut på tur på vinterstid!

I tillegg til 142 skiturar er det denne vinteren heile 207 fotturar med. Alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli, er med og byr dermed på den største Stikk UT! Vinter nokon gong.

– Ta på varme klede, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle, er oppfordringa frå dei to friluftsråda i fylket.

– Med fleire tilgjengelege fotturar i tillegg til ski, vil vi nå gjere eit forsøk på å aktivisere endå fleire i den tida på året då vi treng det mest, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som i januar tek over jobben som leiar for Stikk UT! etter Marte Melbø.

– Årets sommarsesong viste oss at folk brukar Stikk UT! som motivasjon til å kome seg ut på tur, også når vêret ikkje er på sitt beste. Så no håpar vi at mange vil bruke Stikk UT! til å kome seg ut også i den kalde, mørke årstida, seier Hilde Ellingsæter som er prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre Friluftsråd.

Inviterer bedriftene med

Friluftsråda inviterer også bedriftene i fylket til å vere med å tilrettelegge for at endå fleire skal komme seg ut på tur aleine eller saman i vinterhalvåret.

– Stikk UT! sine tal viser at dei som deltek gjennom Stikk UT! Bedrift i gjennomsnitt er dobbelt så aktive som dei andre deltakarane. Å få bedriftene med og skape ein aktiv og sosial arbeidsplass bidreg til at mange er mykje meir ute og i bevegelse enn dei elles ville ha vore, seier Hilde Ellingsæter.

– Om vi i Stikk UT! kan bidra til å auke aktivitetsnivået frå lågt til litt aktivitet ofte - for endå fleire av innbyggarane våre - vil det bety mykje for helsa vår, skyt Liv Synnøve Hoel inn.

Prøveprosjekt - Skiturmål utenfor preparerte løyper

Stikk UT! Ski har eksistert sidan 2015 og gjennom heile vintersesongen blir det trakka mange kilometer fantastiske skiløyper av frivillige, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets, som er friluftsråda sin samarbeidspartnar for Stikk UT! Ski. Som eit prøveprosjekt denne sesongen tilbyr Stikk UT! også nokre få skiturmål utanfor preparerte skiløyper som eignar seg godt for tur- og fjellski. Turmåla kan vêre godt brukte «søndagsturar», sætertufter eller høgdedrag som eigner seg godt for ein rast. Formålet er å inspirere til ei litt annleis turoppleving eller forlenge turen ved å gå sine eigne spor.

Integrert løypestatus

Nytt og gledelig for alle skientusiastar er at Stikk UT! appen no har fått integrert løypestatus frå loyper.net slik at ein ser direkte i appen når skispora sist vart oppkøyrd. Slik håpar ein å tilrettelegge for at det skal vere endå lettare for fleire å komme seg på ut på skitur – kanskje også til stadar ein ikkje har besøkt før. Det er bidrag frå Stikk UT! sin hovedsponsor Sparebanken Møre som har gjort denne løysinga mogleg, medan Stikk UT! sin samarbeidspartnar Wattn er med å sponsar GPS-sporing i trakkemaskinene.

Oversikt over alle sesongens turmål finn ein på stikkut.no. Der finns også øvrig info om Stikk UT! Bedrift og korleis bedrifter kan tilrettelegge for ein mer aktiv arbeidsplass i vinterhalvåret.