Sula kommune

Stikk UT!-sesongen startar 1. mai

No er turane for Stikk UT! 2019 klare. I dei 13 medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd er det i år 183 turmål. Av dei er 80 grøne turar, 85 er blå, 17 raude og ein svart. 48 av turane er trillevennlege, fleire av dei kan gjennomførast med rullestol. 54 av turane er heilt nye i Stikk UT! 

NB! Nytt av året i Sula kommune: på turmåla finn du ikkje turbøker i år. I turkassene finn du som vanleg koden du nyttar til å registrere deg digitalt. 

Vi har hatt både turbøker og digital registrering på Sula sine turmål sidan 2008, og tida er difor komen for å fase ut turbøkene.

Fann du det du leita etter?