Sula kommune

Stikk Ut! Ski

Vinterutgåva av Stikk UT!

Dette er Sunnmøre friluftsråd sin første sesong med Stikk UT vinterutgåve.
Følgande kommuner vil ha Stikk UT! Ski-løyper på Sunnmøre: Ørsta, Volda, Stranda, Norddal, Stordal, Ålesund, Ørskog, Vestnes og Skodje.  

På Nordmøre og i Romsdal er desse med: Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Gjemnes, Halsa, Molde, Fræna, Kristiansund, Nesset og Rauma. Lesja kommune er også med og har mange fine turar i Bjorli-området.

Sesongen starta 15. desember og varer til 2. påskedag. I byrjinga av desember blei stikkut.no lagt om til vinterutgåva, og her vil de finne oversikt over årets turmål.
Registrering av turane gjerast på same måte som i sommarsesongen. Pga. arbeid med appen har det vore litt tekniske problem i byrjinga, men no skal det fungere som før. Viss ikkje kan ein bruke stikkut.no. På løyper.net kan ein finne informasjon om når løypene sist blei trakka.

Nyt snøen og vinteren medan vi har den 😊

God tur!

Fann du det du leita etter?