Sula kommune

Sula kommune har tatt i bruk MinSide-løysing og eDialog

MinSide er ei løysing der vi har samla tenester, både kommunale og statlege, som krev pålogging med IdPorten. eDialog er ei teneste som gjer at du kan sende post trygt til kommunen, også post med personsensitivt innhald.

MinSide

Ei pålogging gir tilgang til mange tenester. 

Her finn du MinSide 

Du finn mellom anna informasjon om

  • Eigedomen din (gjeld også om du har eigedomar i andre kommunar enn Sula)
  • Faktura frå Sula kommune - du kan også be om betalingsutsetting
  • Skjema til Sula kommune som du har sendt inn, eller har begynt på
  • Informasjon om din barnehage- og SFO-plass
  • Sula kulturskule
  • Bustøtte, startlån og tilskot
  • NAV
  • Andre statlege tenester som Skatteetaten, Helsenorge

Ei pålogging gir deg tilgang til alle tenestene. Hjelp til å logge på. Sida er under stadig utvikling og det vil kome nye tenester til etter kvart.

 Vi vil gjerne ha ei tilbakemelding på kva du synes om sida. Du kan  melde frå inne på sjølve sida, med funksjonen «Fann du det du leita etter» (Ver gjerne spesifikk, ikkje svar berre ja/nei)

eDialog

Sula kommune har også tatt i bruk eDialog

Her finn du eDialog for Sula kommune.

Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument, sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Mange sender oss dokument  pr. e-post. E-post er ikkje ein sikker kanal, den kan hackast, e-postar kan bli stoppa av spamfilter, eller det kan vere andre grunnar til at den ikkje kjem fram.

eDialog er ein sikker kanal der du kan kontakte oss og sende oss dokument. Alt som blir sendt gjennom denne kanalen blir lagt inn i vårt sak-/arkivsystem.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

For å bruke tenestene, må du logge deg på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Hjelp til å logge på. Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumenta må vere i pdf-format)

Kvar på nettsida vår finn du dei nye tenestene?

  • MinSide finn du heilt øvst på sida, over søkefeltet
  • eDialog finn du på MinSide, og nedst på sida til venstre i det blå feltet som inneheld kontaktinformasjon

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30