Sula kommune

Sula kommune søker privat avlastningsheim for barn med bistandsbehov

Sula kommune søker etter privat avlastar 2 døgn pr. månad for gut på 8 år med språklege, sosiale og motoriske utfordringar.

Han kommuniserer med korte setningar. Språket kan vere noko utydleg, men ein vil forstå kva han seier etterkvart som ein blir kjent med han.

Guten har varierte interesser som t.d. høyre musikk, sjå i bøker, sjå på film, TV og halde på med I-pad. Han er veldig glad i å vere ute, gå turar i skogen og på fjellet, og å sykle. Han likar også godt å vere i svømmehallen»

Kan du tenke deg å bli avlastar? Søknadskjema finn du her.

Ønsker du meir informasjon om kva det vil seie å vere avlaster og korleis du kan hjelpe andre? Ta kontakt med Tiltakskontoret Sula kommune på tlf. 70 19 91 00 for meir informasjon.

Fann du det du leita etter?