Sula kommune

Sula kommune søkjer privat avlastningsheim for barn med bistandsbehov

Sula kommune søkjer etter privat avlaster 2 døgn pr. månad for gut på 7 år med språklege, sosiale og motoriske utfordringar.

Han kommuniserer med enkelte ord og nokre setningar. Språket kan vere noko utydeleg, men ein vil forstå kva han seier etterkvart som ein blir kjent med han. Guten har varierte interesser som f.eks. nabbi, teikning, høyre musikk, sjå i bøker, sjå på film, tv og halde på med IPad. Han er veldig glad i å være ute, gå turar i skogen og på fjellet. Han likar også godt å vere i svømmehallen.

Har du behov for informasjon om avlasterordninga og kva det vil innebere å vere avlastar, kan du kontakte konsulent for funksjonshemma, Mette Lise Midtbø på telefon 70 19 91 00.

Kontakt

Mette Lise Midtbø
Konsulent for funksjonshemma
E-post
Telefon 70 19 82 21
Mobil 913 67 843
Fann du det du leita etter?