Sula kommune

Sula kommune treng forslag til val av møtefullmektig og valfunksjonærar

Kommunen oppfordrar innbyggarane / ålmenta til å kome med forslag på kandidatar til valet. Det er lov å foreslå seg sjølv.

Frist for innsending av forslag på kandidatar er innan 18. april. Forslaga skal sendast til Sula kommune på post@sula.kommune.no

Ver venleg og merk e-posten med anten «møtefullmektig – 15/1290» eller «valfunksjonær – 20/1548».

Møtefullmektig i forliksrådet

Ein møtefullmektig kan møte på vegne av ein part i forliksrådet dersom parten ikkje har «alminnelig verneting» i kommunen (f.eks. busett eller næringsdrivande annan stad i landet) eller ein part har gyldig fråver, f.eks. sjukdom. Oppmøte blir avtalt mellom part og møtefullmektig.

Som møtefullmektig kan ein oppnemne ein kvar person over 25 år som har alminneleg god samfunnsmessig kunnskap og som beherskar godt skriftleg og munnleg norsk språk.

Regjeringa sine nettsider gir meir informasjon om forliksrådet og rolla som møtefullmektig.

Valperioden gjeld til 31.12.2024.

Valfunksjonærar / stemmestyre til haustens Stortingsval, 13.09.

Eit fritt val er grunnlaget for eit velfungerande norsk demokrati. Valdagen er den viktigaste enkelthendinga i demokratiet vårt. Sula kommune søker frivillige til å sitte i stemmestyra / vere valfunksjonær denne dagen.

Den som blir med kan sjå fram til ein spennande og viktig dag i vallokalet. Du må rekne med å vere til stades i heile opningstida, inkludert noko tid til rigging og rydding i for- og etterkant. Opplæring vil sjølvsagt bli gitt.

Du vil bli godtgjort etter faste satsar. Den som evt må ta seg fri frå arbeid og blir trekt i løn frå arbeidsgivar, vil sjølvsagt ha rett til å få dekt tapt arbeidsforteneste (mot dokumentasjon frå arbeidsgivar).

Kontakt

Frode Synnes
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32