Sula kommune

Sula ungdomsråd deler ut midlar til aktivitetar og prosjekt for barn og unge

Søknadsfrist 15. november på elektronisk skjema.

Ungdomsrådet går no ein spesielt stille haust og vinter i møte på grunn av Korona-pandemien.
På denne tida av året er rådet vanlegvis i full sving med planlegging av datapartyet Area-51 LAN, som er eitt av dei største rusfrie arrangementa for ungdom på Sula. Rådet syntes det var trist at dei i år måtte avlyse arrangementet, men har god forståing for at det krev for mykje tilrettelegging til at det kan gjennomførast i år. Rådet håper sjølvsagt på å kome sterkt tilbake med nytt LAN neste år!

Pandemien stoppar likevel ikkje  pågangsmotet denne gjengen har. I år har rådet nemleg bestemt seg for å gjere noko anna fint for barn og ungdom i kommunen! Sula Ungdomsråd har i år fått muligheit til å dele ut inntil 20 000 kr til eit formål som denne målgruppa kan nyte godt av. Alle med tilknyting til kommunen kan søke om desse midla, anten det gjeld privatpersonar, grupper eller organisasjonar.

Fellesnemnaren er at pengane skal gå til investeringar for barn og unge i nærmiljøet, eller til opne enkeltarrangement utanfor skuletid.

Søknaden må innehalde ei beskriving av den saken, aktiviteten, det arrangementet eller prosjektet ein vil pengane skal gå til og kor stort beløp ein treng for å gjennomføre det. Du kan lese meir om kriteria for å søke lenger nede.  

Kriterier for utdeling av midlar:

  1. Sula Ungdomsråd står fritt til å velje kva formål pengane skal gå til. Kvar søknad vil bli gjennomgått og vurdert av rådet. Rådet har også muligheit til å dele summen på fleire ulike søknadar.
  2. Alle med tilknyting til kommunen kan søke om desse midla, anten det gjeld privatpersonar, grupper eller organisasjonar. Fleire kan gå saman om ein søknad dersom det er ønskeleg.
  3. Midlane skal gå til investeringar for målgruppa born og ungdom i nærmiljøet, eller enkeltarrangement utanom skuletid for same målgruppa. Investeringa skal vere tilgjengeleg for born og ungdom i Sula kommune.
  4. Ein må legge fram ein plan for prosjektet det søkast midlar om, når det skal vere gjennomført og om lag kva det vil koste.
  5. Offentleggjering av prosjektet eller prosjekta som får tildelt støtte blir annonsert på Sula kommune si heimeside innan utgangen av november.

Innhald søknadsskjema:

  • Namn/organisasjon (evt. org.nr)
  • Kontaktperson
  • Adresse
  • Postnummer og poststad
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Søknadsbeløp
  • Kontonummer
  • Formål
  • Er prosjektet avhengig av midlar frå Ungdomsrådet for å kunne gjennomførast? (JA/NEI)
  • Kan prosjektet gjennomførast med delar av søknadsbeløpet? (JA/NEI + evt. kommentar)
  • Korleis kjem prosjektet til gode for born og ungdom i kommunen?
  • Prosjektet skal vere gjennomført innan: (dato)
  • Prosjektet vil koste om lag: (kr)