Sula kommune

Tilskot til inkludering av barn og unge 2022 - nasjonal tilskotsordning (Bufdir)

Bufdir vil informere søkarar og søkarorganisasjonar om at tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” nå er kunngjort for 2022 og at søknadsskjemaet er publisert.

Sjølve utlysninga finn de HER.

Søknadsfristen er 17. desember 2021. 

Den nye forskrifta om tilskot til inkludering av barn og unge omfattar det som tidligare var tilskotssordningane «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge», «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn» og «Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom».  

Målet med tilskuddsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotssordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunner står i fare for å hamne i utanforskap.

De kan søke om tilskot for inntil tre år.

 

Søknadsskjemaet finn dykk ved å logge inn i søknadsportalen.

For all anna informasjon viser vi til tilskuddsordninga si nettside.

 

 

Kontaktpersonar i Bufdir:

Oversikt over kontaktpersonar for ordninga finn de på:

https://www.bufdir.no/Tilskudd/Kontakt_oss/