To nye smittetilfelle - 03.04.21
Sula kommune har i kveld fått melding om to nye smittetilfelle. Dei smitta var nærkontaktar til ein tilreisande frå Austlandet som testa positivt tidlegare denne veka, dei sat derfor allereie i karantene. Ingen nye nærkontaktar er sett i karantene som følge av dei to nye smitta.
Det er no totalt fire smitta i isolasjon og tre nærkontaktar i karantene i Sula kommune. Totalt har 135 personar i Sula kommune vore smitta sidan mars 2020.
Sist endra03.04.2021 21.57