Sula kommune

To nye smittetilfelle onsdag kveld

Sula kommune har fått stadfesta to nye smittetilfelle onsdag kveld. Tilfella er oppdaga som følge av testinga av dei 170 personane som var til stades ved gudstenesta i Sula frikyrkje.

Smittesporing er utført og alle nærkontakter er kartlagt og sett i karantene.

Til saman er det no 14 smittetilfelle i Sula kommune knytt til det pågåande utbrotet.

Dei fleste av dei 170 personane som blei satt i karantene i går, er no ute av den etter å ha testa negativt.