Sula kommune

Vaksinasjon til barn og ungdom med alvorleg grunnsjukdom

Vaksina frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty) er no godkjent for vaksinasjon av barn ned til 12 års alder. For barn og unge er risiko for alvorleg forløp av covid-19 lav, sjølv ved kronisk underliggande sjukdom. Det opnast likevel for vaksinasjon av barn og ungdom 12 til 17 år der ein meiner at det kan vere auka risiko for alvorlig sykdom.

Først og fremst gjeld dette barn og ungdom som har alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdommar eller medfødte syndrom, men også dei med sjukdommar i lista under:

  • Organtransplanterte
  • Immunsvikt (gjeld alvorleg/medfødt immunsvikt)
  • Hematologisk kreftsjukdom siste 5 år
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft(særleg immundempande behandling, strålebehandling mot lunger eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører til nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel SMA, Duchenne og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller alvorleg nedsett nyrefunksjon

Vi ber om at foreldre eller ungdom tek kontakt med fastlegen, for eksempel via e-kontakt / e-konsultasjon eller telefon der ein ber om vurdering av om det kan vere aktuelt for vedkommande. Alternativt kan det diskuterast med lege ved barneavdelinga om ein har regelmessig oppfølging der.