Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Val av meddommarar – forslag på kandidatar til valet

Kommunen oppfordrar innbyggarane / ålmenta til å kome med forslag på kandidatar til valet. Det er lov å foreslå seg sjølv.

Sula kommune skal velje meddommarar til

  • Jordskifteretten
  • Lagmannsretten
  • Tingretten
  • Skjønnsmenn

Sjå nedanfor for gjeldande vilkår.

Frist og innsending

Frist for å kome med forslag på kandidatar er 19. april. Forslag blir å sende til Sula kommune på post@sula.kommune.no

Ver venleg og merk e-posten med «meddommar – 15 / 1290.

Samansetning

Meddommarane skal ha allsidig samansetnad slik at dei samla sett best muleg representerer alle delar av befolkninga. Det betyr at kommunen skal ta omsyn til bl.a. kjønn, alder, etnisk bakgrunn og kultur.

Val av meddommarar er heimla i Domstollova 4. kapittel.

Ingen kan bli vald til både lagmannsretten og tingretten, men elles kan ein bli vald både i tingretten, jordskrifteretten og i tillegg vere skjønsmedlem.

Vilkår for å bli valt.

Kommunane har ansvar for at vala skjer i samsvar med Domstollova sine bestemmingar i §§ 70 – 72:

§ 70 seier at ein skal ha «tilstrekkelige norskkunnskaper». Det betyr at den som blir vald må kunne forstå norsk tale og tekst og sjølv kunne uttrykke seg på norsk.

Å vere «personlig egnet» til oppgåva betyr at vedkommende må kunne følgje forhandlingane i retten, forstå og ta stilling til dei problemstillingane som blir reist, og gi uttrykk for meininga si. Vedkomande må også forstå betydninga av å følge opp innkallingar, og kunne innrette seg etter regler for når ein kan stille spørsmål osb.

Fordi blinde er avhengig av at andre tolkar eller forklarer bevis som blir lagt fram for dei, har Høgsterett sitt ankeutval kome til at blinde ikkje kan vere meddommarar. Det same vil kunne gjeld for tunghøyrte / døve.

Aldersgrense

Nedre aldersgrense for å bli vald 21 år og øvre aldersgrense er 70 år, begge rekna frå starten av valperioden (01.01.2021), dvs at ein må vere fødd mellom 31.12.1950 og 01.01.2000. Det er ingen øvre aldersgrense for skjønsmedlemmar.

Jordskiftedommarar

Deltek ofte på synfaring i skog og mark, så ein bør kunne ferdast i terrenget.

Skjønsmedlemmar

(skjøn- og ekspropriasjonssaker) bør ha kompetanse knytt til ein eller fleire av:

  • verdifastsetjing, bruk og drift av fast eigedom
  • plan- og reguleringsprosessar
  • bygg- og anleggsverksemd
  • økonomi, revisjon og rekneskap.

Stemmerett 

Dei som skal bli vald må vere innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen.

Det er ein stor fordel om meddommarar som blir vald kan bruke vanlege digitale verktøy.

Økonomiske forhold

§ 70 annet ledd nr. 3 om gjeldsforhandling, konkursbehandling og konkurskarantene. Kravet gjeld både på valtidspunktet og gjennom valperioden. Gjeldsforhandlinger, konkursbehandling eller konkurskarantene som er avsluttet før valget, hindrer ikke valg.

«Utelukkelse» på grunn av stilling

Ei oversikt over aktuelle stillingar går fram av Domstollova § 71.

«Utelukkelse» på grunn av vandel

Meddommarar skal ha god vandel, ref § 72.

Kontakt

Frode Synnes
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32