Varsel om oppstart detaljregulering Reinseanlegg for spillvatn på Kvasnes

Det faste utvalet for plansaker vedtek i møte 4.9.2018, sak 099/18 å varsle oppstart av detaljregulering av avlaupsreinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.

Forslagsstillar er Sula kommune. Plankonsulent er Norconsult AS.

Planmyndigheita har vurdert at konsekvensutgreiing skal gjennomførast. Det er ikkje krav om planprogram.

Føremålet med planen er å leggje til rette for eit felles avlaupsreinseanlegg for kommunane Sula og Ålesund inne i fjellet på Kvasnes. Anlegget skal bidra til å redusere forureininga av fjordane pga. utilstrekkeleg reinsa utslepp i begge kommunane.

I tillegg til sjølve fjellanlegget skal det regulerast inn naudsynt teknisk infrastruktur som veg, tunnelinnslag, rigg- og anleggsområde, leidningstrasear, og utfylling i sjøen for plassering av servicebygg.

Planområdet inkluderer Kvasneset med kyststripa frå Veibustvågen til Legeberget. Veibustkrysset er også tatt med. I sjøen følgjer plangrense kommunegrensa.

Ein er kjent med at tiltaket er omstridt i nærområdet og dei bekymringar som er ytra. Dersom det er tiltak som kan gjerast for å avbøte ev. ulemper ved tiltaket, så ber vi om at det vert gitt skriftleg tilbakemelding på det i samband med varsel om oppstart.

Sula kommune legg opp til ein open og aktiv medverknadsprosess. I samband med oppstart vert det halde open kontordag. Fagpersonar frå kommunen og innleigd konsulent vil då vere tilgjengeleg for grunneigarar og andre interessentar. Føremålet med ein slik open kontordag er å gi informasjon om planprosess og løysing. Det er også ønskeleg å få informasjon om forhold i området, innspel til løysingar og avbøtande tiltak. Det vert i utgangspunktet sett av 30 minutt til dei som avtaler møte på den opne kontordagen.

Tidspunkt: onsdag, 26. september 2018, kl.14.00-18.00

Stad: Sula rådhus

Kontakt: Joakim Sletta, joakim.sletta@sula.kommune.no

Merknadar til oppstartsmeldinga skal sendast skriftleg innan 24.oktober 2018  til

Sula kommune
Postboks 280,

6039 Langevåg

E-post: post@sula.kommune.no

Vedlegg