Sula kommune

Vegarbeid på Molværsvegen

Eining for kommunalteknikk har starta med vedlikehaldsarbeid av ei bru på Molværsvegen. Eit køyrefelt vil vere opent, og vegen vil vere lysregulert medan arbeidet pågår. Gåande blir bedt om å følge skilting via Geilneset.

Arbeidet vil ta 4 - 6 veker, så blir det eit opphald før asfalteringsarbeidet tek til i april/mai.