Sula kommune

Vi har behov for fritids-/ støttekontaktar og besøksheimar

Har du litt ledig tid, og har lyst til å vere saman med barn eller ungdomar i kommunen som treng noko ekstra? 

Fritidskontakt / støttekontakt 

For å vere støttekontakt treng du inga formell utdanning,   men du må ha kunnskap om barn og kunne skape gode relasjonar, og ha eit ønske om å dele av tida di med andre. Kanskje tek du ein tur på fotballbana, brukar terrenget rundt Vasset eller Mausavatnet, tek ein tur i fjøra og plukkar skjell, kanskje følger du barnet til si faste handball- trening, kanskje ein sykkeltur, badar på Røde Kors, eller anna.

Målet er at barnet skal få gode opplevingar, og ha kontakt med positive mennesker over tid. Barnet kan for eksempel ha behov for 4 timar pr. veke.

For å bli støttekontakt må du ha fylt 16 år og legge fram politiattest av nyare dato. Løn, utgiftsdekning og køyregodtgjersle etter avtale. 

Søknadsskjema for fritidskontakt / støttekontakt

Besøksheim

Vaksne folk med kapasitet og plass til eit ekstra barn/ ungdom kan bli besøksheim. Du treng inga formell utdanning, men eit genuint ønske om å vere der for eit barn over tid er viktig. Dette kan for eksempel vere ei helg pr. mnd.  Barnet skal vere med på vanlege aktiviteter i ein heim (sjå forslag under Fritidskontakt / støttekontakt)

For å bli besøksheim må du legge fram politiattest av nyare dato. Løn, utgiftsdekning og køyregodtgjersle etter avtale.

Søknadsskjema for besøksheim

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 99 36 92 78