Sula kommune

Vi treng fleire valfunksjonærar i krinsane Fiskerstrand, Langevåg, og Solevåg og Mauseidvåg

Måndag 13.09.21 er det Stortings- og sametingsval.  Vi treng valfunksjonærar som kan hjelpe til med avvikling av valet i krinsane Fiskerstrand, Langevåg, og Solevåg og Mauseidvåg. Vi treng folk som kan registrere stemmer, vere tellekorps, vertskap, halde orden i vallokalet, organisere parkering o.l.

Klikk for stort bileteDet er ingen særskilte krav til valfunksjonær, men det er ein fordel om du er datakyndig. Det er ingen nedre aldersgrense, men vi ønsker primært deg som har fylt 18 år.

Du må rekne med å bruke dagen, men det vil bli gitt godtgjersle for vervet. De som tek fri frå arbeid og vert trekt i løn, får dekt tapt arbeidsforteneste etter dokumentasjon frå arbeidsgjevar. Du får som vanleg også bestille / kjøpe inn mat. Du vil få opplæring.

Du finn meir informasjon om haustens val på Valgdirektoratet og på Valmedarbeidarportalen.

Interesserte kan ta kontakt med servicetorget på telefon 70 19 91 00 eller formannskapssekretær på telefon 70 19 78 32.

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

 

Opningstider: Måndag - fredag: 08:00-15:30

 

Frode Synnes
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 70 19 78 32