Eldrerådet i Sula

Eldrerådet i Sula vart etablert i 1988, og er eit organ som skal tale dei eldre si sak i kommunen. Rådet skal både gje uttale i høve politiske saker som gjeld eldre, og kunne ta opp saker på eiga hand som dei meiner vil vere viktig for denne gruppa. Det er god aktivitet i rådet. Dersom du har saker som du meiner at rådet bør gripe fatt i, så finn du kontaktinformasjon under.

Sula eldreråd er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande utval for rådmannen, dei kommunale sektorutvala, formannskapet og kommunestyret. Det er lovpålagt at ein skal ha eit eldreråd i kommunen. Alle saker av spesiell interesse for eldre skal leggjast fram for eldrerådet slik at rådet kan uttale seg. På eige initiativ kan eldrerådet ta opp saker som gjeld eldre i kommunen. Rådet tek stilling til saker av generell eller prinsipiell karakter, og skal ikkje handsame tildelingssaker eller klagesaker som gjeld enkeltbrukarar.

Flest mogleg krinsar skal vere representert i rådet. Langevåg pensjonistforeining kjem med forslag på 2 medlemmer, og Indre Sula pensjonistforeining med forslag på 1 medlem. Det avgåande eldrerådet kjem med forslag på 1 medlem frå Fiskarstrand krins. Desse medlemmene skal vere alderspensjonistar. I tillegg skal det vere 1 medlem frå formannskap/kommunestyre, 1 medlem frå fagutvalet for helse og sosial, og 1 medlem frå fagutvalet for kultur, næring og miljø. Rådet vert vald av Kommunestyret.

Medlemmer i Sula eldreråd 2015 - 2019:
Trygve Holm, leiar
Reidun Langvatn, nestleiar
Odny Kringstad
Alf Hauknes
Bjørg Solevåg
Magne Sunde
Ranveig Bremnes

Sekretær for rådet er Jarl Anders Moe, som er rådgjevar i støttestaben. Dersom du har spørsmål som gjeld rådet eller saker du vil ta opp, kan du ta kontakt på telefon 70 19 91 00 eller på e-post.

Publisert av Jarl Anders Moe. Sist endra 09.02.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her