Borgarleg vigsel i Sula kommune

Frå 1.januar har kommunane tatt over ansvaret for borgarleg vigsel i Noreg. Alle kommunar pliktar å ha eit tilbod om vigsel, men utforminga av tilbodet vil kunne variere noko frå kommune til kommune.

Kven kan gifte seg i Sula kommune?

Sula kommune tilbyr vigsel til alle som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.

Ordinært vigselstilbod - gratis: Dersom ein eller begge brudefolka er folkeregistrert som busett i Sula kommune, og vigselen finn stad i ordinær opningstid for rådhuset og i kommunen sine lokale er tilbodet gratis, jf. ekteskapslova § 12a. Dette tilbodet gjeld og for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.

Utvida tilbod – mot gebyr: Sula kommune tilbyr også vigsel til busette i andre kommunar, mot eit gebyr på kr. 1500.

Kvar og kva tid kan vi gifte oss i Sula?

  • Kvardagar i ordinær opningstid for rådhuset (08:00-15:30), etter avtale.
  • Ettermiddag/kveld og helgedagar- etter førespurnad og så langt kapasitet og praktiske omsyn tillèt det.

Kommunen stiller følgjande lokaliteter tilgjengeleg: ordføraren sitt kontor, rådmannssalen eller møterom Molværsvegegen 17.

Etter førespurnad kan vigselen også gjennomførast på andre stadar. Vigselspersonane vurderer sjølv kapasitet og dei praktiske tilhøva i kvart einskild tilfelle.  

Avtale tidspunkt for vigsel

Alle som vil nytte seg av tilbodet om borgarleg vigsel i Sula må sende søknad via elektronisk skjema. Dersom søknaden inneheld særskilte ønskjer for gjennomføringa av vigselen vil vi kontakte deg.

Endeleg avtale om vigsel kan ikkje gjerast før du har mottatt prøvingsattest frå folkeregisteret, og seinast 4 veker før ønska dato.

Dersom du har spørsmål om vigselstilbodet, eller ønskjer å snakke med ein av kommunen sine vigselspersonar før du søkjer, kan du ta kontakt med servicetorget på tlf. 70199100.

Spørsmål og svar

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 06.03.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Vald og seksuelle overgrep
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her