Deler du brønn med naboen?


No skal alle små vassforsyningssystem registrerast

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem være registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

 

Mange fordeler med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan for eksempel være uunnverleg når kommunen legger planer for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det muleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

 

Drikkevatnet skal være trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom en ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevann også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal være registrert står i drikkevannsforskriften § 17. En presis definisjon av kva et vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til de minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt beregnet for små vassforsyningssystem.

 

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

 

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 10.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Vald og seksuelle overgrep
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her