Frå 1. januar 2018 er det kommunene som tek over borgarleg vigselsmynde

Om de ønsker borgarleg bryllaup i 2018 kan de gifte dykk på rådhuset. Frå og med 1. januar er det kommunene som tek over borgarleg vigselsmynde. Om de ønsker dette må de ta kontakt med heimkommunen, eller kommunen de vil at vigselen skal finne stad. 

Kommunestyret i Sula vil i løpet av hausten 2017 vedta kvar og på kva vekedagar kommunen skal tilby vigsler.

Erklæring og attestarTo hender og ein ring - Klikk for stort bileteTo hender og ein ring

De må fylle ut mellom anna eigenerklæring før de kan gifte dykk.  Skjema skal sendast til folkeregisteret. Folkeregisteret gjer ei prøving av om krava for å inngå ekteskap er oppfylt. Her finn du skjema og rettleiing.

Send prøvingsattest til kommunen

Om krava for å inngå ekteskap er innfridd, vil folkeregisteret utferde ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader. Attesten skal sendast til Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg, eller leverast på rådhuset, seinast to veker før vigselen.

Spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Endeleg vigselssattest vil bli ettersendt av folkeregisteret. Sunnmøre tingrett beskriv seremonien og gjengir vigselsritualet her.

Kontaktinformasjon Sula kommune

Planane for borgarleg vigsle vil bli vedtatt av kommunestyret i Sula hausten 2017. Har de spørsmål til kommunen kan de sende e-post til post@sula.kommune.no , eller ringe sentralbordet telefon 70 19 91 00.

 

Publisert av Kathrin Reidun Vågnes. Sist endra 01.11.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
   

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk

Kontaktinformasjon

Sula kommune
Sloghaugvegen 13 Postboks 280
6039 Langevåg
Telefon
: 70 19 91 00

Beredskap
: Legevakt: 116117 (lokalt nummer 70193666)
(BeredskapTlf02)
: Teknisk vakt: 90050777 (ikkje SMS)
Org.nr.
: 964980543
(Kontonr)
: 4212.23.28079
(Kommunenr)
: 1531
Opningstid
: 08.00 - 15.30
Levert av ACOS AS
Rådmann Leon Aurdal      Ordførar Jim Arve Røssevoll      Feil på sida eller andre tilbakemeldingar? Kontakt oss her