Informasjon
Om du er føresett og vil melde til PPT ber vi om at du tek kontakt med skulen, helsestasjonen eller andre instansar. Om det ikkje er mogleg skal du ta kontakt med PPT før du sender melding.
Når ein ber om hjelp frå PPT er det viktig at ein er tydeleg på kva ein ønsker at PPT skal bidra med. Gi ei god skildring av kva som er utfordringa og korleis ein har arbeidd for å avklare og møte behova i klassa. Ein må gi ei utgreiing om kva ein er bekymra for i utviklinga til barnet, korleis ein forstår vanskane og kva erfaringar ein har hausta i kartlegginga. Stafettlogg skal vere oppretta, og samtykke frå føresette skal følge meldinga.