Informasjon om utdeling av klasselister:
Skulane får ofte spørsmål om å dele ut klasselister med namn og kontaktinformasjon til ulike føremål, alt frå at foreldre ønskjer å kunne ta kontakt med kvarandre eller at FAU skal ha eit arrangement.
Dette er tillatt både etter personvernregelverket og offentleglova så lenge klasselistene ikkje innheld opplysningar som er underlagt teieplikt. For meir informasjon viser vi til Offentliggjøring av elevlister | Datatilsynet
I praksis vil det bety at vi ved skulane i Sula ikkje lenger kjem til å be om samtykke for utdeling av klasselister til
- Klassekontakt og foreldre/føresette i klassa og på trinnet
- til fotograf i samband med skulefotografering
- til FAU i samband med arrangement i FAU eller skulen sin regi
Dersom nokon vurderer at informasjonen på klasselista inneheld personopplysingar og dermed er og underlagt teieplikt, ber vi om at de varslar skulen.
Det kan til dømes gjelde om nokon av elevane:
- har hemmeleg telefonnummer eller adresse
- der adressa røper eit forhold som er personleg som til dømes at barnet bur på institusjon
- der adressa er sperra (hemmeleg)av omsyn til barnet sin tryggleik