Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement, vedtak, regulativ og deklarasjonar. Meir informasjon om tenestene finn du på nettsidene til Sula kommune
Dei kommunaltekniske gebyra blir regulert ein gong i året.
Faktura blir normalt sendt ut fire gongar i året, med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember. Du kan bestille månadleg faktura om du ønsker det. For å få månadleg faktura kan du ikkje ha noko uteståande til Sula kommune. Om du har ubetalte rekningar som har forfalt må du kontakte oss på telefon 70 19 91 00 for å få ein betalingsavtale.
Hytter/fritidsbustad og småbåt/naustlag
Hytter/fritidsbustadar og småbåt/nasutlag kan ikkje søke om månadleg faktura. Frå og med 2020 vil faktura blir sendt ut ein gong i året, etter at vassmålaroppgjeret er gjort. Fakturaen vil ha forfall 20. mars.
Har du AvtaleGiro eller eFaktura?
Viss ikkje anbefalar vi deg å inngå avtale om ein av delene, her finn du informasjon om korleis du opprettar
Alle bestillingar av månadleg faktura for kommunaltekniske tenester blir automatisk innvilga. Du vil difor ikkje motta svar på søknaden.