Informasjon
Omsorgbustader er tilrettelagde bustader for eldre og funksjonshemma med pleie- og omsorgsbehov. Bustadene kan tildelast ut i frå eit førebyggande perspektiv. Det er lagt opp til at den einskilde bebuar har heimehjelp og tilsyn/bistand heile eller delar av døgnet.
Om du skal søke om transportteneste for funksjonshemma, omsorgsbustad, omsorgstenester eller støttekontakt må du bruke eigne skjema for dette
Du kan lese meir om omsorgbustadar på heimesida vår.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist, søknadane blir behandla så snart alle opplysningar er innhenta, vanlegvis innan 3 veker. Dersom det tar lengre tid vil du bli varsla om det. Saksbehandlar tar kontakt med søkar om det er behov for opplysningar utover det som er gitt søknaden. Du vil få skriftleg svar på søknaden.
Om tildeling av bustad
Vi tar, i den grad det er mogleg, omsyn til ønsket ditt om kva bustad du helst vil leige, men vi står fritt til å tildele annan bustad. Om du takkar nei til tilbod om omsorgsbustad fordi du får tildelt annan bustad enn den du primært ønsker å leige, vil du miste plassen din i køa og må søke på nytt.
Pris
Gjeldande prisar for omsorgsbustadar finn du på heimesida vår.
Hjelp til å fylle ut søknaden
Ta kontakt med Tiltakskotoret på telefon 70 19 82 01 kvardagar 09:00 - 15:00.
Kontaktinformasjon
Når du har fylt ut skjemaet skal du skrive det ut og sende det til:
Sula kommune
Tiltakskontoret
Postboks 280
6039 Langevåg